Kan nokon gripe inn (Riksteatret)
Kan nokon gripe inn (Riksteatret)

Etter suksessen med Bikubesong, tar Lasse Kolsrud for seg Stein Torleif Bjellas musikk.

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.

Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv.



Framsyningstid: 90 minutter (ingen pause).

Urpremiere på Det Norske Teatret 14. januar 2017.
Turnepremiere på Ål Kulturhus 11. oktober 2017.
På turné til 22 stader hausten 2017. 


På scenen
Kjersti Dalseid, Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud, Joachim Rafaelsen, Hildegun Riise og Hans Rønningen. Band: Svenn Erik Kristoffersen, Nils Jansen, Christian Svensson, Marius Reksjø og Mats Grønner. 

Team
Tekst og musikk: Stein Torleif Bjella. Manus og regi: Lasse Kolsrud. Scenograf og kostymedesignar: Siri Langdalen. Lysdesignar: Torkel Skjærven. Koreograf: Belinda Braza. Lyddesignar: Jostein Reistad. Dramaturg: Carl Morten Amundsen. 

Kan nokon gripe inn er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Riksteatret. 
BILLETTER
Dato: 17.10.2017
Kl: 19:00
Billettpris: 405,- / 325,- / 305,- (ink. billettavgift)


Billetter i salg hos Ticketmaster og Thon Hotel Halden.
Det skjer alltid noe spennende på Brygga kultursal! Bestill billetter i dag!
DATOTIDARRANGEMENTSTED PÅMELDTE BILLETTER
26.10.2017 19:00Monica Zetterlund – 80 år (DNBE)Brygga Kultursal Halden
KJØP
27.10.2017 21:00Trond Holters Dracula- Swing of DeathBrygga Kultursal Halden
KJØP
28.10.2017 19:30FORSKJØVET: Lollo Gardtman - Chapter One (premiere)Brygga Kultursal Halden
KJØP
29.10.201716:00Idd- og Halden Skolemusikk - jubileumskonsertBrygga Kultursal Halden
KJØP
03.11.201720:00Unnveig AasBrygga Kultursal Halden
KJØP
04.11.2017 21:00Eksklusiv: CC CowboysBrygga Kultursal Halden
KJØP
06.11.2017 18:30AVLYST: Frank Aarebrot - Norge i 200 årBrygga Kultursal Halden
KJØP
08.11.2017 19:00Gjengangere (Riksteatret)Brygga Kultursal Halden
KJØP
11.11.2017 19:00Eksklusiv: Macca - The Paul McCartney StoryBrygga Kultursal Halden
KJØP
17.11.201719:30Mikael WieheBrygga Kultursal Halden
KJØP
tweet
linje
Tollbugt. 4-6, 1767 Halden  - Tlf: (+ 47) 417 53 900
linje
 
Ingen video funnet!